Stranda idrottslag har signert ny samarbeidsavtale med Sparebanken Møre. I
samanheng med avtalen vil alle 6- og 7-åringar verte unntatt treningsavgift for
komande sesong. Sparebanken Møre vil heretter vere heile idrottslaget sin
hovudsponsor, og vi ser fram til eit fruktbart samarbeid dei neste tre åra.
Kven er vi
Eit fellesskap for individuell og kollektiv utvikling i eit trygt og godt miljø
Stranda Fotball har alltid vore ein av Sunnmøre sine største klubbar. Ved starten av det nye årtusenet var Stranda Fotball den aller største klubben og hadde i overkant av 30 lagpåmeldt i serien. Og aktiviteten i dag er framleis høg.
Meir enn 90% av barn og unge innom Stranda Fotball i dei yngste speleklassene og vel 75% av alle borna i kommunen mellom 7-13 år er aktive i klubben. Dette er truleg i Noregstoppen, og er noko som ein bør etterstreve å oppretthalde, og kanskje auke.